Tur på Lauparen

Var på Lauparen 14. august. Dagen var varm og lettskya eller delvis skya med sol og fønvind. Køyrde til Grytalia og gjekk innover. Det bles bris frå søraust, og marka var turr. Innafor Grytavatnet bles det til dels mindre. Oppe i skaret mot Jasvollbotnen møtte eg vinden frå andre sida. Oppover mot Lauparen bles det kraftig, særleg rett nedafor haugen i fjellsida. Lengre oppe var vinden litt mindre sterk.

Eg hadde vindmålar i sekken i dag, og på toppen tok eg fram denne og målte middelvinden til grensa frisk bris – liten kuling. Frå sør-søraust. Temperaturen var så høg at der var triveleg å vere ei god stund. Sikta var god, lufta rein og ikkje skodde på noko fjell, unnateke ved/på Jostedalsbreen.

På veg nedatt såg eg fem snøsporvar like nedafor toppen. Lengre nede, på den mest utsette staden før eg kom ned i skaret, målte eg vinden til sterk kuling frå søraust.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.