Var på tur med Sunnmørsposten 21. august 2011. Fotturen gjekk Eimsstøylen opp frå den flate dalbotnen, bratt opp gjennom lia og etter kvart mindre bratt opp etter ein fjellrygg til den norvestre pynten på fjellet, der utsikta er god. Først var det sol og lettskya, så skya, og på toppen var det ikkje lengre sol. Der bles det lett bris, og alle kleda måtte opp av sekken. Sikta var bra, stort sett var fjella skoddefrie, berre inne mot Skjåk var det skodde på sume toppar, heile tida på Karitinden, noko av tida på Høgstolen og Torsnosa. Langt i sør, på Risenosa, byrja det å synast at der kom det regn. Elles var det nokon som skremde opp ein flokk på minst femten ryper.
Etter ei lang stund oppe på fjellet gjekk turen over topplatået og ned på sætra i Sunndalen. På den turen kom det nokre regndropar, men først etter ein halv time nede i dalen byrja det å regne på rett.