På Auskjeret

Gjekk på Auskjeret i Stordalen 26. september. På toppen bles laber bris frå søraust. Små flekkar av snø mellom steinane, men stort sett turt. I vestskråninga rimete og glatt. Strålande klart vêr og god sikt. Såg mange fjell, og berre Naushornet og eit anna fjell som ligg på grensa til Skjåk hadde litt skodde på seg. Med kikkert fann eg Lodalskåpa litt til høgre for Skorene. Stolshyrna lengre til høgre. Vidare vestover mange av fjella mellom Storfjorden og Hjørundfjorden. Bak om desse stakk Sunndalsnipa ved Austefjorden fram. Vest for Hjørundfjorden var berre Skårasalen, Romedalstinden, Ramoen/Jønshornet og Romestrandhornet synlege. Enda lengre vest viste Melshornet og litt av Hareid og Hareidlandet. I nordvest viste mellom andre Blåskjerdingen, Gamlemsveten og fjella i mellom dei. Såg havet stykkevis mellom kystfjell. I nordaust låg fjella mellom Stordalen, Innfjorden og Måndalen ikkje langt borte. Lengre borte låg Hesten, Finnan, Trolltindane, Breitinden og Vengetindane. Kunne også sjå eit av fjella nord for Isfjorden. Og på større avstand fjell som ligg nord eller nordaust for Molde. I søraust var Geitbotnstinden og Seljebotnstinden ikkje så langt borte. Heller ikkje fjella mellom Stordalen, Valldalen og Innfjorden. Lengre inne var Høgtunga, Illstigfjellet, Trollkyrkja og Muldalsegga godt synlege. Andre fjell som viste att var Torvløysa, Storfjellet, Svartegga og truleg også Karitinden og Høgstolen ved Reindalen. I sør markerte Grøtet seg, men ikkje i himmelsjå.
Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.