På Skurfjellet

Gjekk på skitur i går. Starta på sørsida av dalen to kilometer frå fjorden. Skaresnø innover dalen. Sleit ut klisteret etter kvart, og la på nytt då stigninga starta. Denne turen er lett, med ei netto oppstiging på mindre enn 450 meter. Skurfjellet er 620 m.o.h. Eg gjekk rundt og opp på søraustsida siste stykket. Lett stigning opp til skaret på søraustsida, der det er flatt. Lett stigning vidare til toppen, som ragar femti-seksti meter høgare enn sletta. Sume stader på veg opp til skaret var det gjennomslag i snøen og litt tyngre å gå. Men stort sett ein lett tur.
På toppen bles det lett bris frå sør. Flott solskin var det på heile turen, og stort sett ikkje vind anna enn øvst. Nedrennet gjekk fint. God gli og nok fart. Eg heldt meg litt oppe i lia slik at eg rann jamt nedover. Siste kilometeren var det flatt, og då måtte eg til å stave og gå. Framleis skare då eg kom attende til utgangspunktet.
Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.