-2 grader, litt minkande lufttrykk, stilt, stjerneklart.
Siste dagane har her vore -2 til -6 og rolege vindtilhøve. Og stort sett klart.
Siste døgnet har temperaturen vore oppe i +1 grad og ned i -5. I går var første dagen her kom ein solstreif i vindusglasa. For det meste klart, men nokre tynne skyer i sør ei kort stund. Desse hadde linseform. Plussgrada var meir eit resultat av litt vind med noko fønverknad. Det var takras og fleire plussgrader på Viset, utan sol, i går. Samstundes var det fire kuldegrader på Sjøholt. Frå Vartdalsstranda kom det rapport om -8 grader same stad som det var -12 eller -11 på fredag. Der var det ikkje føn i denne søraustlege eller austlege vindretninga. Årsaka til dei ujamne temperaturane er at det er relativt mild luft i høgde med fjelltoppane. Kjem denne ned i låglandet stig temperaturen etter prinsippet om at lufta vert varma opp når ho vert pressa i hop. Og då vert ho varmare enn lufta som ligg i låglandet. For denne vert avkjølt ved utstråling til ein klar himmel. I dalar utan ei slik utskifting av lufta held klarvêret fram med å produsere kald luft. Men lufta i høgda sender litt varmestråling ned i låglandet, og med temperaturstiging vert det litt meir av denne varmestrålinga. Derav nokre få grader stiging i temperaturen likevel.