Desembertemperaturar før og no

No i ein kald vinter kan det vere greit å sjå attende på korleis vintrane var før. Utslaga i temperatur er størst inne over land, men det er vanskeleg å finne stader med ei lang observasjonsrekke. I Tafjord går målingane tilbake til 1954, det vert 56 år. Tafjord er ein spesiell stad klimamessig. Inst på Sunnmøre, men med lite kulde likevel. Dalane stig i bratte trinn oppover, og det hindrar at det lagar seg kalde skjellevindar som kunne drage kaldlufta nedover. Kaldluft frå fjella bles ikkje så lett nedover fordi ho vert varma opp av stigninga i lufttrykket og dermed ikkje blir så kald likevel om ho kjem ned i låglandet. Dei bratte fjella rundt Tafjorden hindrar at lufta frå land kjem ned, og sjøtemperaturen får større innverknad enn ein skulle tru.

Men om Tafjord ikkje er så representativ for sjølve temperaturen bør dei kalde åra vere kaldast der også, til ei viss grad.

Ein graf eg laga viser at dei fem mildaste desembermånadane i 1954-2009 var desse, i denne rekkefylgja: 1972, 2006, 1984, 1959 og 1977. Vinteren 1984-1985 vart ein kald vinter etter nyttår, sameleis med vinteren 1977-78, så desse månadane treng ikkje vere representative for heile vinteren. Det har mange gongar vore eit skifte ved nyåret. I 1995 var det uvanleg mykje snø i fjella på føresommaren, i 1960 uvanleg lite, så vintrane i denne gruppa på fem har vore svært ulike.

Dei fem kaldaste var: 1981, 1978, 1965, 1995 og 1999. Fleire av desse vintrane var langvarig kalde, men i 1981-82 slo vêret om, og siste halvparten av vinteren vart turr og mild.

Med omsyn til trenden viser denne grafen ei temperaturstigning på litt mindre enn ei grad gjennom femtiseks år.

 

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.