Vindtilhøva på Sunnmøre i desember

Desemberklima

Middelvind på Svinøya over fireårsperiodar 1957-2008

Ein kan spørje seg om det vert meir eller mindre vind i eit mildare klima. I vårt klima bles det mest i den kalde årstida. Det neste ein legg merke til er at det bles mest i milde perioder i den kalde årstida. Dette er ikkje sjølvsagt, men her på Sunnmøre er det slik. Når det er kaldt går lågtrykka lengre sør. Sørover i Europa, og kan hende lengre sør i Noreg også, er det kan hende heilt annleis, og ikkje sjølvsagt at mildt vintervêr gir meir vind. Ein annan grunn til at vi set kulde i samband med rolege vindtilhøve er at kulden over land brukar henge saman med høgtrykk.

Å måle vind over lange tidsrom gir eit problem. Over land kjem der endringar som i sin tur endrar vinden. Tilvekst av skog og bygningar gjer at det bles mindre. Ytst på kysten har vi meir pålitelege og upåverka målingar, særleg på Svinøya. Eg har laga to grafar ut frå vindmålingar i 52 år der ute.
Målingar av vinden der viser at det bles i mykje desembermånadane for omkring tjue år sidan, i ein periode rundt 1990. Også midt på 1970-talet var desembermånadane urolege. Målingane av vindstyrke på Svinøya starta i 1957. Fram til kring 1970 var det ikkje spesielt mykje vind i desember, kanskje heller ikkje i resten av året. Så kom meir urolege og milde vintrar. På slutten av 1970-talet og langt framover 1980-talet var vintrane kalde. Der var færre stormar i desember då, og dei stormane som var kom gjerne tidleg i månaden. Så vart det milde og urolege vintrar. Midt på 1990-talet var så desembermånadane noko rolegare, og om det har blese litt oftare etter den tid så ser det ut til at vi har fått eit litt rolegare klima i julemånaden. Men ikkje like roleg som på 1960-talet.
Det er slik at i ein mild desembermånad aukar gjerne vinden utover i månaden, fordi det vert større temperaturmotsetnader når det går fram mot midten av vinteren. I ein kald desembermånad, som gjerne allereie i starten er rolegare vindmessig, minkar vinden utover i månaden. Kulden forsterkar seg, og lågtrykka vert heldne frå land eller dirigerte lengre sør.
Korleis går det så, om vi får eit mildare klima? Høgare temperaturar gir meir vassdamp og nedbør, og det styrker ulike slags lågtrykk og uvêr. Men lågtrykka på våre breiddegrader er først og fremst drivne av temperaturmotsetnader, og oppvarming i Arktis kan redusere desse. Sume av dei modelleringane og prognosene som er presenterte i media har varsla eit mindre vindfullt klima.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.