Om vind i november

Har lagt inn ein graf i katalogen over bilda frå siste haust. Denne viser korleis middelvindstyrken på Svinøya har vore i novembermånadane 1957-2008. Første femten-tjue åra av denne perioden bles det mindre enn seinare. Trenden siste femten-tjue åra har igjen gått i retning mot svakare vindstyrkar. Men sterkare enn første del av denne perioden.
Dette samsvarar med spådommane som kom allereie for snart tjue år sidan om at oppvarminga i Arktis gir mindre temperaturmotsetnader og dermed mindre vind. I alle høve denne årstida. Kanskje er det slik at i november vert det sterk vind når kulden rykker fram og trenger vekk den milde lufta som har halde i stand i sør gjennom hausten. Den aller urolegaste novembermånaden av desse femtito var i 1978. Dette var ein våt og uroleg november i ein våt og uroleg haust. I slutten av månaden overtok kulden, og vinteren var ein av dei kaldaste i denne femtitoårsperioden.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.