Tur til Giskemonibba

Gjekk på Giskemonibba søndag. For det meste snøberrt, men lunare plassar i same høgde låg det snøflekkar. Litt is på deler av vatna. På toppen av Giskemonibba var det sør-søraust frisk bris. Tok ei lettvint temperaturmåling og kom til at det var +9 grader på toppen. I så fall minka temperaturen nesten ikkje med stigande høgde opp til dette nivået. Vindkjølingstabellar viser at +9 grader saman med vindstyrke 11 meter pr sekund tilsvarar minus to grader i heilt stilt vêr. Solskinet som var fekk liten effekt fordi vinden straks fjernar oppvarma luft frå kleda. Kan kanskje seie at situasjonen tilsvara null eller minus ei grad i stilt vêr utan sol. Dette er ikkje så ille, men det var betre å vente med å raste til ein lunare stad enn på toppen. Såg elles ei ørn letta frå ein skrent og forsvann fort ut av syne. Såg ikkje kva art det var, men staden tyder på kongeørn. Der låg att rjupefjør på skrenten.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.