Har sett nærare på nedbørstatistikkar for Sunnmøre dei siste femti åra. Mellom tilfella med mykje nedbør midt i oktober fins det mange slags situasjonar med omsyn til vindretningar. Sume gongar sørvestleg, andre gongar vestleg, nokre gongar nordleg, og til dels vind frå nord-nordaust. Og sjølvsagt situasjonar der vinden har dreia over ein brei sektor av desse vindretningane. Vindstyrken ser derimot ut til å vere nokså lik, sterk i alle tilfella, frå stiv kuling til liten storm.
Dei grafiske framstillingane, som er å finne på bildesida, viser at dess sterkare pålandsvind dess lengre inn fell hovudtyngda av nedbør. Dreiar vinden frå vest til nord får indre strok mest nedbør. Vestleg og nordleg vind gir mest nedbør langt inne i fjordane, men inste stroka får mindre enn midtre strok. Sørvestleg vind gir mindre nedbør i indre strok enn i midtre og ytre.