Monthly Archives: november 2009

Snøbyer

-2 grader. Flau vind. Fire cm snø på marka. Skya, vestnordvestleg drag i skyene. Fjella synlege opp til 1200 m.o.h. Skoddeskyer sume plassar, ned til 250 m.o.h. Desse driv frå søraust. Lufttrykket er svakt stigande. Spreidde snøbyer i dag, mest … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt nysnø

-1 1/2 grad. Opp til +1 i dag. Ned til -3 1/2 føregåande natt. Føregåande natt kom det eit tynt snølag, 2-3 cm. I dag var det for det meste skya, stort sett opplett. No har lufttrykket gått litt ned … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Roleg vêr

+1 1/2 grad. Flau vind. Stigande lufttrykk. Skya. Lågaste skyer ned til 700 m.o.h. Fjella synlege opp til 1200 m.o.h. Vått etter regn. Nysnø ned til 400 m.o.h. Opplett sidan i natt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om vind i november

Har lagt inn ein graf i katalogen over bilda frå siste haust. Denne viser korleis middelvindstyrken på Svinøya har vore i novembermånadane 1957-2008. Første femten-tjue åra av denne perioden bles det mindre enn seinare. Trenden siste femten-tjue åra har igjen … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Regnbyer

+5 grader, regnbyer, flau vind, overskya, ein del skoddeskyer som ligg ned til 200 m.o.h. Fjella til dels synlege opp til 1200 m.o.h. Barometeret såvidt stigande.Morgonen var lettskya eller delvis skya opplett.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ruskevêr

+6 1/2 grad. Opp til +9 i går. Ned til +2 1/2 siste døgn. Regnbyer og overskya eller skya. Frisk bris frå sør. Stort sett berrt under 600 m.o.h. Ser ikkje dei høge fjella. Enten snø eller skodde tek vekk … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mild periode

Siste to vekene har det vore for det meste mildt vêr. Lavare temperaturar berre når det har vore nesten stilt. Moderate nedbørmengder. I dag mildt, sørleg frisk bris om morgonen, minkande ut over dagen. Regn på føremiddagen.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur på Grynykjen

Ein morgontur på Grynykjen medan det var turt i marka ga utsyn over sjø og fjell. I sør forsvann fjella langt unna i dårleg sikt, kanskje lett snøvêr. Vinden på kanten var frå sør, laber eller frisk bris. Då var … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om oktoberdøgn med mykje nedbør III

Har sett tilbake på nedbørstatistikkar for oktober, og ser denne gongen nærare på tilhøva i slutten av månaden. Dei fleste gongane det har kome mykje nedbør seint i oktober har vinden vore rundt sørvestleg, nokre gongar nærare sørleg, andre gongar … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Bris

+5 1/2 grad, som er det mildaste det har vore siste døgnet. Overskya, berre skyer høgare enn fjella. Turt, sørleg bris som er ujamn. Lufttrykket har ikkje endra seg mykje.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget