Monthly Archives: oktober 2009

Sol og byer

+1 grad og svakt stigande barometer no. Rolege vindtilhøve i dag. For det meste skya, kortvarige regnbyer, til dels med hagl, og no i kveld sludd. Innimellom korte perioder med solskin. Mest haugskyer og byeskyer på himmelen. Små skoddedottar langt nede, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Attverande trekkfuglar

Mykje trast å sjå for tida. Gråtrast og raudvengetrast i flokk eller spreidde, og ein og annan svartetrast. Desse fugleslaga klarer seg godt denne tida. Ventar at dei reiser etter kvart, men ikkje så brått. Nokre få kan vere att … Les meir

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Delvis skya og sol

+7 grader, svak vind, delvis skya, fem åttedeler skydekke av rukleskyer eller bukleskyer som dreg frå sørvest. Ikkje skodde på fjells. Solskin, turt, ti prosent snødekke på marka. Lufttrykket har minka litt, men nokså stabilt. Opp til +7 1/2 grad … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya solskinsdag

+5 grader, lett overskya, lagskyer som sola skin bleikt gjennom, svak vind. Det klarna opp i går kveld etter at det mørkna. Ned til -3 grader i natt. Opp til +5 1/2 i dag. Morgonen i dag var så og … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snø

+1 1/2 grad. Opp til +5 1/2 i dag. No er det overskya, opplett, stilt. Barometerstanden har flata ut. I går kveld snøa det. Låg 4-5 cm snø i dag. Ei snøbye til om morgonen. Nede ved sjøen var det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt sol

+1 1/2 grad, opp til +7 i dag. 27 mm regn på eit og eit halvt døgn. Mykje av det kom i regnbyene i går. Seint i går regn-og haglbyer. Dagen i dag var lenge fin med skya vêr og litt sol … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byevêr

+3 grader, skya eller overskya. Vestavêr og byer i dag. For det meste regn i byene, hagl i siste bya. Stigande lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trekkfuglar

Mykje trast og stare på markane i dag. Trastane er av det små slaget. Mesteparten truleg raudvengetrast. Elles ein del heipiplerker og bokfinkar. Såg ei låvesvale i går, og ein flokk på minst fem av same slaget i dag. Ikkje … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn av og til

+6 1/2 grad, stigande lufttrykk, sørvest lett eller laber bris, overskya, vest-sørvestleg drag i skyene, regn av og til, skodde over 700-800 m.o.h. 3 mm regn sidan i går kveld.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+6 grader, opplett, delvis skya, sørvestleg drag i skyene, lett bris. 6 mm regn sidan i går ettermiddag. Noko kom som byer i tidleg på kvelden i går, og noko har kome i ettermiddag. Lufttrykket er minkande. Seint i går … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget