Monthly Archives: oktober 2009

Tur til Liafjellet

Var på Liafjellet i dag. Dette vesle fjellet har god utsikt og ligg fritt. I dag var det vindstilt på fjellet, og vått i graset på den myrlendte austryggen heilt til topps. Skya vêr med rein luft og fritt for … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tilskying

+4 1/2 grad, opp til +6 i dag. Skya, tjukkast skydekke i vest. Rukleskyer og bukleskyer. Berre skyer godt over fjelltoppane. Før i dag delvis skya, fjørskyer drivande sakte frå nord eller nordaust om føremiddagen, i tillegg til rukleskyer på … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+0 1/2 grad. Ned til -1 1/2 denne morgonen. Luftrykket er minkande. Stilt, rimfrosne markar og turre vegar. Lettskya, halve himmelen dekt med fjørskyer og litt rukleskyer. Nokre fjørskyer har ei slags meiform, men dei driv baklengs eller sidelengs. Rukleskyene … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskin

+5 grader. Opp til +8 i dag. Lite sol på føremiddagen, seinare delvis skya og mykje sol. No er sola attom ei fjellskulder, men skal skine litt til om skyene held seg vekke. Dei komande vekene minkar solskinstida mykje på … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Grått

+4 1/2 grad. Stabilt lufttrykk. Overskya, men lysningar i skydekket. Vestleg drag i skyene. Svak vind. Noko skoddeskyer, særleg utover, der skodda ligg ned om 200 m.o.h. Ser ut til at der er yr også.  Elles ser eg dei låge … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordvest og regnbyer

+5 grader, har vore ned til +2 1/2. Barometerstanden har flata ut etter å ha gått ned. Overskya eller skya, regnbyer, nordvestleg drag i skyene. Skodde over 400-600 m.o.h. Svak vind. Har vore regn eller regnbyer sidan i går kveld.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+8 grader, regn. Minkande luftrykk. Nesten opp til +12 i dag. Dagen har vore skya, med bukleskyer og rukleskyer. Såg i ettermiddag at rukleskyene dreiv vestafrå. Og no er vestavêret kome.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+10 1/2 grad. Overskya, bukleskyer som dreg frå sørvest, og lagskyer, skyer på toppane over 1200-1300 m.o.h. Stilt, stabilt lufttrykk, turt. Mildvêret har fjerna snø frå fjellryggar og bratte fjellveggar slik at fjella ikkje lengre er så kvite. Men snødjupna til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+7 grader i kveld. Turt, skya, stabilt lufttrykk, svak vind. Var ned til -2 grader sist natt, opp til +8 i dag. Aust lett eller laber bris om morgonen og ut over dagen. Lettskya, fjørskyer og rukleskyer på himmelen og … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Strålande dag

Bortimot klart i dag. Kald rein luft og blå himmel. Om morgonen skodde på Halvardfjellet, elles skyfritt. Ut over føremiddagen nesten skyfritt. Ettermiddagen og kvelden eit skylag i vest, elles heile himmelen utan skyer. Sol til like før solnedgang, då … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget