Har sett på statistikkar for nedbøren på Sunnmøre siste femti åra, og sett nærare på tilhøva i første tredel av oktober. Tre tilfelle peikar seg ut med spesielt mykje nedbør på eit døgn. Viser desse i dei tre siste grafane på bildesida. I det siste av desse tre tilfella dreia vinden heile vegen frå sør-sørvest mot vest og over på nordleg. Dette er heile spennet av dei vindretningane som kan gi mykje nedbør på Sunnmøre. Dei fleste stader får mykje nedbør frå ei eller anna retning, og med denne dreiinga fekk alle nedbørstasjonane rikeleg regn. Mest fekk Overøye. Overøye ligg høgt, og i høgda er nedbøren større enn i låglandet. Vestleg vind gir spesielt mykje nedbør på Overøye, men staden får nok mykje nedbør frå ein brei sektor av vindretningar. Mykje tyder på at det er denne staden som får dei største døgnnedbørmengdene av dei plassane som har eller har hatt målestasjon for nedbør.
Nedbørmengda for ein heil månad kjem ikkje berre an på om ein stad er utsett for å få store mengder på kort tid. Staden bør også vere utsett for å få mykje nedbør frå den framherskande vindretninga. Og der er sørvesten. Då får ikkje Overøye spesielt mykje nedbør. Dei største månadsnedbørmengdene brukar kome lengre vest eller sørvest på Sunnmøre.
Nummer to av dei tre grafane som viser døgnnedbør i oktober viser korleis indre strok får lite nedbør frå ei vanleg vindretning. Vinden heldt seg mest sør-sørvestleg, og då regna det mest i midtre og ytre strok.
Den første av dei tre grafane viser ein situasjon då vinden dreia nitti grader, frå vestleg til nordleg. Dette er dei retningane som gir beinaste pålandsvinden. Nedbøren går stort sett forbi ytre strok, som får langt mindre enn midtre og indre.