Turar til Verahornet og til Grynykjen

Var på Verahornet tidleg på dagen. Solskin og laber bris frå sør-søraust på toppen. God temperatur, men naturlegvis kjølig i vinden. Såg tre rugder enkeltvis i skogen då eg gjekk utafor rås. Dei to siste var i alle høve rugder. Ei havørn sirkla nærare bygda. Elles ser eg at der framleis er litt blomster langs vegane. Den løvetannliknande kystgrisøyre dominerer.
Gjekk på Grynykjen om ettermiddagen. Sør-søraust lett bris der oppe, noko som vel tyder at vinden har minka litt siste timane. Etter kvart har det vorte turt i marka, og fint å gå. Dei einaste blomstane som no er å sjå på slike turar er poselyng/klokkelyng, og dei også er visna nesten alle saman.
Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.