Tur til Liafjellet

Var på Liafjellet i dag. Dette vesle fjellet har god utsikt og ligg fritt. I dag var det vindstilt på fjellet, og vått i graset på den myrlendte austryggen heilt til topps. Skya vêr med rein luft og fritt for skodde i fjella. Dermed god sikt. Såg inn til Torvløysa og Skorene. I nordaust såg eg nokre fjell nord for Molde, og nokre aust for Tresfjorden. Elles var sikta avgrensa til dei nærareliggande fjella vest for Tresfjorden. Utover dominerer Blåskjerdingen og Storfjellet. Vestover er der fint utsyn over Skodje, og lengre ute Godøya og Sukkertoppen. Ser også ein bit av havet i denne retninga. I sørvest går utsikta så langt som til Hareidlandet og fjella på Gurskøya. Inne på fastlandet litt av fjella på Vartdalsstranda. Og i sør står fjella i Sykkylven flott i synsranda. Tjukkaste skyene låg i sørvest. Mot sør stengde fjella for å sjå langt. Ser ut til at lågtrykket ligg i sør i dag.
Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.