+5 grader, for det meste opplett, spreidde byer. Skya, stilt. Lufttrykket har stige, men ser ut til å flate ut. Har vore nesten opp i +7 grader i dag. 4 mm regn etter kl. 14. 13 mm sidan kl. 7. På to kjølige døgn har det kome 56 mm regn.
Fjella står nesten drivkvite over 700 m.o.h. Lågare nede er snødekket tynt. Kan fundere over kor mykje snø der er til fjells rundt 1000 m.o.h. 56 mm regn tilsvarar 56 cm turr nysnø. No vil nedste delen av eit slikt snølag sekke i hop av vekta av det oppå, om enn lite i starten. På den andre sida aukar nedbørmengda til fjells. I går bles det, og det må ha gjort at snøen har drive. Dermed ujamn fordeling og ihoppakking. At fjella står drivkvite kjem av at det har blese lite i dag, slik at dei oppstikkande steinane vert dekte av snø. Tippar der er 50-70 cm snø i fjella.