Om regnvêr i september III

Har sett på statistikkane for septembervêret på Sunnmøre gjennom meir enn femti år. September brukar vere ein våt månad, og også i slutten av september har det vore store døgnnedbørmengder sume år. Her er sju situasjonar som skil seg ut med ekstra mykje nedbør.
28.-29. september 1963: Ørsta fekk 62,5 +75,5 mm på to døgn. Observasjonane på Svinøya viste liten kuling mellom vest og nordvest første døgnet. Det neste døgnet var vinden stabilt vestleg med same styrke. Dette var lenge før der kom nedbørrapportar frå Overøye, som utan tvil fekk mykje nedbør desse døgna.
25. september 1969: Vigra fekk 62 mm. På Svinøya var vinden for det meste sørvestleg, sør-sørvestleg i starten, styrke liten kuling.
30. september 1969: Linge fekk knapt 70 mm. Det føregåande døgnet dreia vinden mykje, men nedbøren ser ut til å ha kome medan vinden var nordvestleg eller vest-nordvestleg. Styrken truleg liten kuling.
22. september 1986: Overøye fekk 71 mm. Vinden, omkring sterk kuling, dreia frå vest-sørvest til nordvest det føregåande døgnet.
28. september 1994: Overøye fekk knapt 90 mm, og Grønning nesten like mykje. Den stive kulingen på kysten har vore vest-nordvestleg, og til slutt dreia vestleg.
29. september 2002: Mest nedbør omkring midtre strok. Den stive kulingen har vore sørvestleg og til slutt dreia vestleg. Sæbø fekk 72 mm.
26. september 2003: Mest nedbør i ytre og midtre strok. Vinden på Svinøya mellom sørvestleg og nordvestleg, i middel frisk bris. Sæbø fekk 85 mm. Stor spreiing på vindretningar og moderat vindstyrke gjorde at nedbøren kom langt ute.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.