Spreidde regnbyer

+10 grader, som også er det lågaste temperaturen har vore i natt. Barometeret går litt ned. Har kome litt mindre enn 1 mm regn i natt. Delvis skya, fem åttedels (okta) skydekke. Haugskyer som ligg meir utover enn dei tårnar seg opp. Dei driv frå sørvest og ligg høgare enn fjelltoppane, som no alle er synlege. Det var dei ikkje før på morgonen. Over dei låge skyene er det mest rein blå himmel, men no har det dukka opp litt rukle- og fjørskyer. Desse driv frå vest.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.