Mildt

Opp til +17 i dag. +15 grader no i kveld. 1 mm regn i måleglaset om morgonen. Dvs. truleg 5 mm på eit døgn. Om morgonen var det overskya, bukleskyer drivande frå vest under lagskyer. Skodde berre på ein fjelltopp. Sidan har skyene lege over fjella, og frå midt på dag har skydekket sprukke opp. Deretter skya med rukleskyer og bukleskyer på himmelen. Ein del skyer med mandelform. Skyene driv vestfrå, medan vinden på marka no er søraust lett bris. Før i dag for det meste svak vind. Barometerstanden er stabil. Graset turkar fort opp no.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.