Grått

Spreidt regn i dag. Moderat intensitet. Overskya heile tida. I kveld opplett. Temperatur ned mot +7 om morgonen, opp til såvidt over +10 i dag. Rolege vindtilhøve med flau eller svak vind. Lite skodde i fjella om morgonen og kvelden. Midt på dag skodde over ca. 500 – 900 m.o.h. Det var snø på fjelltoppane om morgonen. Ned til 1150 m.o.h. Skyene ser ut til å ha drive frå sørvest seint i dag. Dei lågaste frå søraust. Om lag 12 mm regn i natt. Dvs. 25 mm på eit døgn. Truleg 4 mm regn i dag. Barometeret har byrja gå ned i kveld.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.