Om regnvêr i september II

Har sett meir på situasjonar med stor døgnnedbør i september, og denne gongen på sju tilfelle med mykje regn midt i månaden.
Fire av desse gongane kom det mykje regn i midtre og indre deler av Sunnmøre. Då har det typisk vore vestavêr og kuling.
15. september 1977 hadde Overøye 79 mm regn etter eit døgn med vestleg stiv kuling.
16.-18. september kom eit uvêr som var ekstremt både med omsyn til vind og nedbør. Ein tropisk orkan hadde teke leia nordover midt i Nord-Atlanteren utan å gå så langt vest som desse uvêra brukar. Tropiske orkanar døyr vekk over kjøligare hav, men dersom den varme fuktige lufta frå ein slik støyter i hop med kald luft nordafrå får vi temperaturmotsetnader som er drivkrafta for polarfrontlågtrykka på våre breiddegrader. Og det skjedde den gongen. Det var samanhengande regn i nesten to døgn, og på Overøye vart det målt 177,1 mm på det eine døgnet frå den 17. til den 18. om morgonen. Dette må vel vere den største døgnnedbør som er målt på Sunnmøre. Også Ørsta, Grønning, Tafjord og Sæbø hadde over 100 mm. Då hadde vinden blese frå vest i det føregåande døgnet, og på Svinøya var vinden full storm i gjennomsnitt for heile dagen.
11. september 1991 vart det målt 77 mm regn både i Ørsta og på Sæbø, og nesten like mykje på Overøye. Vinden var vestleg føregåande dag, og dreia nordleg gjennom natta. Ser ut til å ha regna mykje både om dagen og natta slik at regnet først har kome med vestavind og så etter kvart med nordvestleg og nordleg vind. På indre strok brukar det å kome mykje nedbør i smale sektorar av vindretningar. Lengre ute kan det halde fram å regne mykje medan vinden dreier.
14. september 1997 kom det mykje regn berre fire døgn etter føregåande flaum. Det var indre strok som fekk mykje regn, og Overøye hadde klart mest med 106 mm. Kvelden før bles det frå vest, og morgonen 14. var det vest-nordvestleg stiv kuling på kysten. Regnet må ha kome gjennom kvelden og natta sett ut i frå at mest nedbør kom på indre strok.
I statistikken fann eg også tre andre døgn med mykje nedbør midt i september, og i desse kom hovudtyngda nærare kysten.
19. september 1982 hadde Brusdal 69 mm. Vinden på Svinøya kom i heile sektoren mellom sørvest og nordvest, og var i middel frisk bris. Den moderate vindstyrken gjorde sitt til at nedbøren var størst langt ute, og ein plass som Brusdal får kanskje ikkje så mykje nedbør frå ei bestemt retning. Heller meir jamnt frå mange retningar.
16. september 1985 hadde Ørsta 62 mm. Vinden på Svinøya kom i heile sektoren mellom sør-sørvest og rett vestleg, og var i middel liten kuling. Ørsta ligg såpass langt ute at nedbøren kjem frå mange vindretningar.
Til 20. september 1988 kom der mykje regn i ytre og midtre strok. Brandal hadde mest med 99 mm. Vinden på kysten var sørvestleg eller vest-sørvestleg, og sterk kuling i middel.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.