September er ein av månadane då det normalt kjem mykje regn. Har vore inne på statistikkane og leitt opp septemberdøgn med ekstra mykje regn dei siste femti åra. Ser ut som der er større sjanse for slik flaumnedbør dersom juli-august har vore varme, dvs. med høg lufttemperatur. Men ein slik samanheng er spekulativ og kanskje tilfeldig. Verkar som det er vind omkring vest eller vest-sørvest som gir mest nedbør på Sunnmøre i september. Denne er meir pålandsvind enn sørvesten, og inneheld meir fukt enn nordavinden når det vert kjøligare i vêret.
No har eg sett nærare på dei fem gongane tidleg i september som ser ut til å ha gitt dei aller største nedbørdøgna på Sunnmøre. 8. september 1966 vart det målt 107 mm nedbør i Ørsta, og 5. september 1970 vart det målt 102 mm same staden. Desse to døgna har vore nokså like. På Svinøya var vinden vest-sørvestleg med dreiing rett vest begge gongane. Første gongen rundt stiv kuling, siste gongen kring liten kuling. Vindretningane tyder på at også Overøye hadde mykje regn, men dette var før det kom vêrrapportar derifrå. Elles ser det ut til at nedbøren var størst i midtre strok.
9. september 1973 vart det målt oppunder 63 mm både i Geiranger og på Sæbø. Ser ut til at det var eit lågtrykk som gjekk inn sør for Stad og ga mykje regn lengre sør. På Svinøya var vinden i middel lett bris, og dreia frå sørvest mot søraust og aust og til slutt nordleg. Geiranger og Hjørundfjorden ligg sør mot fylkesgrensa med høge fjell som gjer at frålandsvind kanskje ikkje gir same effekt som ute på kysten.
9.-10. september 1997 kom det mykje regn i ein vêrsituasjon som liknar dei to første eksempla. Det første døgnet dreia vinden frå vest-sørvest mot vest og var i middel sterk kuling på Svinøya. Mest nedbør fekk Overøye med 80 mm (har ikkje sett gjennom alt av observasjonar). Det neste døgnet minka kulingen litt og dreia frå vest til nordvest. Då fekk Stranda mest nedbør med 63,5 mm.
1. september 2006 regna det mykje nord på Sunnmøre, men nedbøren ser ut til å ha vore lokal, eller avgrensa til ytre strok. Hildre fekk mest med 70 mm. Vigra fekk også mykje. Observasjonane på Svinøya viser sørvest liten kuling.