Her er mykje svaler enno. I det siste har eg berre sett låvesvaler. Taksvalene reiser allereie i august.
Såg at låvesvaler flaug inn under ein silo i går. Der sat svaleungar på ein bjelke og fekk mat frå foreldra. Ungane var godt flygedyktige og flaug ikring til tider. Dei har nok ikkje vore så lenge ute av reiret. Eit seint andrekull. Frå midt i september vert det færre låvesvaler å sjå, og i slutten av månaden reiser dei siste. Dette er stort sett fuglar på forbireise. Sjeldan eg ser låvesvaler i oktober.
Også på 1970-talet var det slik at det var råd å sjå låvesvaler ut heile september. I 1985-1987 kom tre kjølige og våte septembermånader på rad. Etter det brukte alle låvesvaler å vere reiste allereie midt i september. På 1990-talet normaliserte dette seg att.