Monthly Archives: august 2009

Kaldfront

+14 grader, svak vind, skya, eit lag med tjukke skyer som ligg høgare enn fjelltoppane. Haugskyer som liknar litt på bukleskyer. Over dette skylaget er det blått og knapt fjørskyer å sjå. Skyene driv sørfrå. Det kom 4 mm regn … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt

I kveld er det +24 grader, sør laber bris, skya. Låge skyer, bukleskyer og haugskyer, dekker det meste av himmelen, men ingen av fjella. Over desse skyene dekker fjørskyer og makrellskyer det meste. Alt av skyer dreg frå sør-sørvest. Vanskeleg … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

På Høgsvora

Var på Høgsvora i ettermiddag. På toppen sør liten kuling eller frisk bris. Overskya unnateke langt nord der himmelen framleis var lettskya. God sikt til alle fjelltoppar unnateke i sørvest, der toppane på Råna/Regndalstindane var nesten borte i dis eller regndropar. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

I kveld er det +17 1/2 grad, sør lett bris, overskya, bukleskyer, opplett og endeleg turt i graset. Lufttrykket er minkande. Det var mykje sol på føremiddagen, sidan skya og litt sol til etter middag.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

Fin morgon med sol sidan kl. 7, lettskya, tynne knapt synlege fjørskyer ut over ein del av himmlen. Berre i vest nokre striper av tjukkare skyer. Skoddedottar kjem drivande ut over fjorden i 200 meters høgde og løyser seg fort … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Augustregn

På åtte døgn har her kome omkring 180 mm regn i måleglaset mitt. Dette er eit uoffisielt og litt upåliteleg tal, men i august er det enklare å måle nedbør enn i årstider med snø og drev, eller stor fordamping. … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Endeleg turrvêr

Føremiddagen overskya eller skya, spreidde regnbyer og rolege vindtilhøve. Sidan delvis skya eller lettskya, mykje sol, og lett bris frå vest eller sør. Berre haugskyer ei stund, men frå i ettermiddag også fjørskyer på himmelen. Desse driv vestafrå medan haugskyene … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått i dag også

+12 no i ettermiddag, opp til +13 1/2 i dag. Regnbyer, 14 mm frå i går kveld til i dag om morgonen, 11 mm i dag til i ettermiddag. Overskya i dag, vestleg skydrag, skoddeskyer ned til 400-600 m.o.h. Vestleg … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Til fjells

Var på Skåla i Loen i går. Nysnø over 1500 m.o.h. På toppen 10 cm snø. Det gjekk greit å gå i lave skor. Der var litt regn i lufta, og ein laber bris frå aust eller sør. Nokonlunde sikt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kort oppklarning

Regnbyene heldt fram på fredag. Vinden minka etter kvart. På eit halvt døgn til fredag kveld kom det 31 mm, så letta det, slik at trettiein millimeter vart den totale nedbørmengda på eit døgn fram til laurdag morgon. På fredag … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget