Monthly Archives: august 2009

Opplett etter regn

Etter varmen i går kom det 4 mm regn i natt. Regnet slutta om lag kl 7. Då var det +11 1/2 grad, flau vind, skya, litt klar himmel i sørvest eller vest. Skyene dreiv søraustfrå. Desse ligg over fjelltoppane, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt

Opp til +22 grader i dag. No i ettermiddag +21. Solskin gjennom tynne skyer. Delvis skya, bukleskyer og fjørskyer. Bukleskyene driv sørfrå, og vinden i låglandet er lett bris frå sør. Det har det vore mykje av dagen. Lufttrykket har … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett overskya

Lagskyer eller slørskyer dekker himmelen denne morgonen. Rett opp anar eg blåfargen gjennom skylaget. Då er det eigentleg ikkje overskya lengre. Ser ut som det held på å bli fint. I stad var der striper av bukleskyer att på himmelen. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Det kom 5 mm regn frå i natt til i føremiddag. Av dette kom 4 mm før kl 8, og 1 mm etterpå. For det meste overskya i dag, men midt på dag gløtt av sol. Seinare kom det rukleskyer … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Regn, overskya, aust-søraustleg drag i dei lave skyene, som ligg omkring 600 m.o.h. Sørvestleg drag i skyene høgare opp. Desse ligg høgare enn fjella. Fjella skoddefrie unnateke toppen av Halvardfjellet på 598 m.o.h. +11 1/2 grad, ned til +11. Flau … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

På Lauparen

Var på Lauparen i dag. Søraust lett bris på toppen. Sol av og til. Turt i marka langt ned mot dalbotnen. Frå toppen var det god sikt og rein luft. Dei aller fleste fjelltoppar skoddefrie. Eit av unntaka var Kvitegga, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt og ein del sol

17 1/2 no i ettermiddag. Opp til +19 1/2 grad i dag. Ned til +9 1/2 siste natt. Skya, bukleskyer og litt haugskyer og fjørskyer. Flau vind. Om morgonen var det lettskya, frå føremiddagen skya og ein del sol. Turt … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbør tidleg og seint i august

Har sett nærare på korleis nedbøren har fordelt seg i augustmånadane på nedbørstasjonen i Ørskog. På denne plassen har det vore føreteke målingar sidan 1957. Nedbørnormalen for august i perioden 1961-1990 er på 117 mm. Trenden gjennom 52 år viser … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Solskin

I kveld lettskya, bukleskyer og fjørskyer, +12 1/2 grad, flau vind. I dag delvis skya eller til tider lettskya, ein god del sol. Opp til ca. +18. Mest haugskyer på himmelen. Litt fjørskyer av ein sort som ikkje varslar omslag … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ny kaldfront

+10 1/2 grad, skya, haugskyer på tre fjerdedeler av himmelen, og blå bakgrunn over haugskyene, som driv frå sørvest og ligg høgare enn fjelltoppane. Nokre små skoddedottar i dalbotnen. Flau vind. Gløtt av sol. Torevêr i natt. 10 mm regn … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget