Fuglar i slutten av august

Fugletrekket er i full gang. Dei fleste grågjess har floge sørover. Dette er eit resultat av fredingstider og jaktformer. På 1960-talet var det i september at grågåsflokkane, som då helst var mindre, for forbi.
Andre fuglar legg ein mindre merke til. Dei trekker gjerne om natta. Og om dagane syng dei ikkje slik som om våren. Dei vert berre meir fåtalige inn til alle er vekke. Der er færre fuglar i lauvverket no enn i byrjinga av månaden, og dei ein ser er ofte meiser som skal overvintre. Såg to buskskvettar i går. Desse kan sjåast til tidleg i september, men er nok allereie fåtalige. Mange av fuglane som blir verande ut over hausten går over frå å ete insekt til å ete frå. Linerler og låvesvaler gjer ikkje det. Likevel vert dei verande lenge enno.
Trastane samlar seg i flokkar denne tida, og kjem frå skogen ut på markar og vegkantar. Som ein liten flokk måltrastar eg såg nettopp. Men trasteflokkane er oftast ei blanding av fleire artar. Svartetrastane flokkar seg sjeldan.
Fuglar som kjem tidleg om våren brukar å reise seint om hausten. Tjelden er eit av unntaka. Ser ut til at dei fleste er reiste no. Ender vert verande. Såg seks ender på eit vatn i går, truleg toppender. Når dei ikkje finn mat i ferskvatn flyttar dei berre til sjøen.
Dette innlegget vart posta under Fugler. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.