Ny kaldfront

+10 1/2 grad, skya, haugskyer på tre fjerdedeler av himmelen, og blå bakgrunn over haugskyene, som driv frå sørvest og ligg høgare enn fjelltoppane. Nokre små skoddedottar i dalbotnen. Flau vind. Gløtt av sol.
Torevêr i natt. 10 mm regn i måleglaset. Det kom også litt regn på dagen i går, men dette var kanskje ein eller to tidels millimeter i spreidde byer.
I går var det skiftande skydekke, for det meste skya, og komfortabel temperatur med litt sol av og til. For det meste svak vind. Til ut på dagen var det haugskyer som til dels utvikla seg til små byeskyer.
Kl 16 i går kom litt makrellskyer på himmelen, kl 17 kom der meiskyer drivande frå sør-sørvest. Sidan kom der meir fjørskyer, og ut på kvelden var der ein bakgrunn av fjør-eller slørskyer over dei lågare skyene. Der la seg også nokre skoddedottar i fjellsider.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.