Har sett nærare på korleis nedbøren har fordelt seg i augustmånadane på nedbørstasjonen i Ørskog. På denne plassen har det vore føreteke målingar sidan 1957. Nedbørnormalen for august i perioden 1961-1990 er på 117 mm. Trenden gjennom 52 år viser ein svak auke i augustnedbøren. Eit kjenneteikn ved august er at nedbøren er mykje større i slutten av månaden enn før. I første halvdel av denne perioden, dvs. fram til om med 1982, var nedbøren seksti prosent større i slutten av august samanlikna med første og midtre del av månaden. Seinare har ikkje skilnaden vore like markant, men nedbøren pr døgn har vore tretti-femti prosent større i slutten av månaden samanlikna med første to tredeler.
At auken ikkje lengre er like markant kan ha samanheng med at hausten let vente på seg. Før var siste veka, eller siste ti dagane av august, prega av haust med tidvis nysnø i fjella. I kontrast til fint sommarvêr første to tredeler av månaden.
At finvêret kjem når skulen startar, slik eg nyleg høyrde, hender berre unntaksvis. Det er vanskeleg å finne belegg for dette i nedbørstatistikkane.