Nedbøren vest og nord på Sunnmøre

Eit tilbakeblikk på tida 1981-1995 viser at nokre få junidøgn desse åra hadde Ekset i Volda mest nedbør av målestasjonane på Sunnmøre. Der er lave fjell rundt Ekset. Andre stader i Volda har høgare fjell, og sikkert meir nedbør. Der er vanskeleg å finne noko spesielt ved dei gongane Ekset skilta med mest nedbør. Lettare er det å sjå kva som merker seg ut ved vêrstasjonen på Fiskå. Der hende det oftare at nettopp den stasjonen hadde mest nedbør, og då var det vindar mellom sør og vest som dominerte.
Svinøya har lite nedbør fordi der manglar fjell. Nokre få gongar har likevel Svinøya fått meir nedbør enn dei andre stasjonane på Sunnmøre. Dette er truleg resultat av lite pålandsvind, enten fordi det er stilt eller kanskje vinden bles langsmed kysten frå nordaust. Desse gongane er nedbøren liten over distriktet.
Brandal har mykje nedbør. Vêrstasjonen som var i drift der hadde meir nedbør enn andre stasjonar på Sunnmøre sume av dei mange gongane det bles frå sør-sørvest. I blant hadde Brandal også mest nedbør når vinden kom frå sørvest.
Nokre få gongar har Ålesund fått meir nedbør enn dei andre målestadene. Truleg førekjem dette ved sørvestlege vindar. Brusdal har i blant meir nedbør enn dei andre stasjonane, og der ser det ut til å ha vore nordaustleg vind i nokre tilfelle. Elles kan det kanskje hende ved sørvestlege eller vestlege vindar også, men i så fall ved moderate vindstyrkar.
At Vigra får mest nedbør hender sjeldan. Men det førekjem, og då er det truleg som for Svinøya, at det hender når vinden er svak eller bles langs kysten. Hildre får oftare mest nedbør. Der er det tydeleg at det er ved nordaustlege vindar at denne stasjonen får mest nedbør av målestadene på Sunnmøre. Men det skjer også ved andre vindretningar.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.