Nedbøren kring Hjørundfjorden og Ørstafjorden

Nedbørstasjonane på Hustad ved Sæbø og på Velle i Ørsta er eller har vore av dei som har fått mest målt nedbør på Sunnmøre. Slik desse ligg til, ikkje særleg langt inn frå kysten, og heller ikkje langt nord, er det rimeleg at sørvestlege vindar gir rikeleg nedbør i dette området, og meir enn andre stader på Sunnmøre.

Eit oversyn over nedbøren junimånadane 1981-1995 viser at Hustad i nokre høve var den stasjonen som fekk aller mest nedbør på Sunnmøre, og at dette helst hender når vêret kjem frå sørvest. Også når vêret kjem beint sørfrå kan det hende at Hustad er den stasjonen som får mest nedbør.

Også vêrstasjonen Ørsta-Velle kunne peike seg ut som staden som fekk aller mest målt nedbør på Sunnmøre i liknande situasjonar. Ser vi nøyare på saka viser det seg at dette hende når vêret kom frå sør-sørvest, vest-sørvest eller beint sørfrå. Naturlegvis kom det mykje nedbør når vêret kom direkte frå sørvest også, men stasjonen brukte ikkje å vere nummer ein rangert etter kvar det vert målt mest nedbør.

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.