I går starta dagen nesten overskya med låge bukleskyer ned i fjella. 12 grader kl 8. Om føremiddagen var det delvis skya, skyene låg høgare enn fjella. Haugskyer og fjørskyer og solskin. Midt på dag skya det over, om ettermiddagen regna det. Nokre skoddedottar la seg i fjellsidene. Rolege vindtilhøve heile dagen. 12 grader om kvelden.
Det har kome 2 mm nedbør til i dag, det som kom i går ettermiddag. Overskya, litt skoddeskyer i fjellsidene, elles er fjella synlege. Flau vind.