Juninedbøren i indre strok

Sjølv om indre strok av Sunnmøre får mindre nedbør enn midtre hender det ofte at nedbøren på enkelte døgn er større. Vêrstasjonen på Overøye hadde ofte mest målt nedbør på Sunnmøre då denne var i drift. Det hender mindre ofte at Grønning i Valldalen får mest. Dette skjer i blant når vinden på kysten kjem frå nord-nordaust eller nordaust og i tillegg har ein styrke på minst frisk bris. I slike situasjonar har Romsdal meir nedbør enn Sunnmøre, og på Sunnmøre er det fjella i nordaust nær Romsdalsfjorden som får mest. Er vinden sterk nok kjem nedbørmaksimum eit godt stykke inn over land.
Tafjord og Norddal får nesten aldri vesentleg meir nedbør enn andre stasjonar, utifrå ei undersøking av femten junimånader på 80- og 90-talet. Dette er sjølvsagt altfor kort tid til å drage bastante konklusjonar. Derimot viser målingane frå Geiranger og Stranda at desse to plassane kvar for seg i blant toppar nedbørmålingar for enkelte døgn i juni. Ikkje har pålandsvinden vore sterk heller. Det ser ut til å ha vore noko vind frå nord eller nordvest i desse høva, men hovudsaka ser ut til å vere den at det har vore skodde og yr ute på kysten og at den sterkare nedbøren har vore lengre inne.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.