I Stordalen vart det i årevis foreteke vêrobservasjonar på Overøye. Dette ligg inne i fjella og viser tilhøva i området mellom Storfjorden og Romsdalsfjorden. Nedbørmengdene på denne stasjonen låg noko over gjennomsnittet for nedbørstasjonar på Sunnmøre. I sume høve fekk Overøye meir nedbør enn dei andre. For junimånadane 1981-1995 er der eit fåtal døgn der Overøye hadde mest nedbør. Nokre av desse gongane var når dei vinden og dei nedbørførande skyene kom beint vestfrå. To andre gongar hadde Overøye klart mest nedbør. Den eine gongen dreia vinden frå nord mot vest, den andre gongen frå nord mot nordaust. Truleg har det begge desse gongane vore mykje meir nedbør i sume fjell på Sunnmøre enn i låglandet, og andre stader i same høgde som Overøye har fått like mykje nedbør. Ei anna forklaring kan vere at Overøye får mykje nedbør over heile spektret av vindretningar frå vest mot nord og nordaust.
Og så er det med Overøye som andre stader. I eit fåtal tilfelle der nedbøren har kome frå ei eller nokre få byer. Og så har akkurat denne nedbørstasjonen vorte treft.