Når er Ørskog våtast på Sunnmøre?

Har sett på vêrstatistikkar for junimånadane 1981-1995. Det var fleire nedbørstasjonar i drift då enn no. Sunnmørsstasjonane med mest regn var Brandal, Ørsta, Fiskå og Sæbø. Ørskog har middels nedbørmengder for distriktet. Når vêret kjem beint vestfrå får Ørskog mykje regn, men stasjonen på Overøye i Stordalen, som då var i drift, brukte å få enda meir. Fordi der er fjella tett innpå.
Det er i nord-nordaustleg og nordaustleg vêr at Ørskog har fått meir nedbør enn andre stasjonar på Sunnmøre. Det brukar ikkje å kome store nedbørmengder i slike vindretningar, men i juni kan det regne skikkeleg når lufta over land er varmare enn havlufta. Då har det vist seg at Ørskog har rapportert mest nedbør, og vêrstasjonen på Hildre har fått nest mest. Volda og Ørsta er best skjerma mot nedbør i slike situasjonar.
Også i sørvestleg vêr har det hendt at Ørskog har fått meir nedbør enn dei andre stasjonane på Sunnmøre. Då har det vore ustabil luft med enkelte regnbyer, og ei eller fleire slike har treft Ørskog.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.