Nedbørfordeling

Har vore inne på klimadatabasen og sett på korleis nedbøren fordeler seg på Sunnmøre. Både i 1993 og 1994 var juni våt og kjølig. Både fordi det berre er to år og fordi desse to åra skil seg ut i same retning går det ikkje an å lage statistikk av dei. Men eit inntrykk gir dei, og når det har vore mykje nedbør vert bildet av nedbørfordeling klarare enn om eg hadde sett på månader med lite nedbør.
Eit snitt av desse to månadane viser at vindretninga i dei lågare skylaga var omkring sørvest halve tida, og at desse vindretningane stod for tre fjerdepartar av nedbøren som kom. På Søre Sunnmøre og i nord kom svært mykje av nedbøren når drifta i skyene var beint sørvestleg, på indre strok kom nesten like mykje ved vestleg drag i skyene. Vêrstasjonar på Søre Sunnmøre fekk mest nedbør totalt, men Overøye i Stordalen hadde også mykje. Det ser ut til at Overøye var den vêrstasjonen på Sunnmøre som fekk mest nedbør når skyene kom beint vestfrå.
At sørvesten dominerte desse to junimånadane betyr ikkje at det var mildt. Sørvesten kjem med luft frå havet, og no er havet kjøligare enn landet. Og i desse tilfella har nok lufta kjeme vestfrå eller nordvestfrå og teke ein sving rundt eit lågtrykk. Nordvesten kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, men desse to månadane var slik nedbør nesten fråverande. Derimot kom det litt ved nord-nordaustleg vêr, og i desse tilfella fekk Ørskog mest av stasjonane på Sunnmøre.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.