Monthly Archives: mai 2009

Skya dagar

For det meste skya siste dagane. Spreidde byer i går. Her traff ikkje nokon av byene skikkeleg, det kom 0,1 mm i ei regnbye på ettermiddagen. Om kvelden vart det lettare, og i natt har vêret vore fint. No er … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya

I går skya det over, og på føremiddagen kom nokre regndropar, men marka og vegane heldt seg turre, for det letta straks, sola kom fram att, og resten av dagen vart delvis skya, med for det meste svak vind. I … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir blomstring

Ser mange nye blomsterplanter, som kjem litt tidlegare enn vanleg denne våren. Tepperot, hundekjeks, smalkjempe og tiriltunge. Molteplantene blomstrar, og markjordbæra likedan. Staren har byrja å klekke ut ungar, og kastar eggeskala frå seg langt frå reira.

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Våren i høgda

Over 400 moh. står kvitveisen i si finaste bløming. Såg gauk oppe i fjellskogen. Kan minne om både hauk og falk, men gauken flyg med vengane lågt i høve til kroppen. Høyrde ein gol seinare. Høyrde bjørkefink og sivsporv. Dette … Les meir

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Tilskying

Stort sett overskya. Ser ut til å vere eit lag av bukleskyer som ligg relativt høgt oppe. Ein og annan gløtt av blått. Dei dreg frå sørvest. Lett bris frå aust, +13, ned til +8 i natt. I går var … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Blomstring

Varme og sol set fart på planteveksten no. Tveskjeggveronika, glattveronika, skogstorkenebb og skogstjerne har kome i blomstring siste dagane. Engsoleie har nok blomstra lengre, og heggen har blomstra minst ei veke. Kvitveisen er i ferd med å avblomstre i låglandet.

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Klart

I natt var temperaturen ned i +6 1/2. Soloppgong kl 6.45. Etter nesten ein time er temperaturen +13 1/2 grad. Klart, god sikt, aust lett bris.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt på nytt

Høyrde flugesnappar minst to stader i går. Trur også eg høyrde tornsongar. Desse to artane brukar kome med to vekers mellomrom i middel. Ser ut til at no kjem dei seine trekkfuglane alle saman på kort tid. Flugesnapparen brukar kome … Les meir

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Lettskya

+11 grader, klart bortsett frå nokre få tynne fjørskyer, og litt tjukkare skyer langt sørvest. Flau vind. I natt ned til +5 1/2. I går var dagen lettskya frå litt før middag. Før det var det klart. Sol heile dagen. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

Klart, berre ei flystripe på himmelen. +8 1/2 no på morgonen etter at sola har skine i ein halv time. I natt ned til under +5. Oppvarminga av terrenget og lufta frå sola i går gjer sitt til at nattetemperaturen … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget