+10 1/2, skya, vestleg drag, berre skyer over fjelltoppane, flau vind.
I dag for det meste opplett og skya, gløtt av sol sume tider, spreidde regnbyer. I går kveld og i natt regna det mykje. 41 mm på eit døgn, derav 10 mm på første tolv timane, og av dette igjen det meste på ettermiddagen/kvelden. Så kom det 31 mm på tolv timar i natt. Vestavêret gir mykje nedbør i Vaksvika, og truleg aukar nedbøren opp etter dalen. Bygder lengre vest, som Volda og Vartdalsstranda, har langt mindre nedbør i vestleg vêr. Ein titt på voldaveiret.no stadfesta det denne gongen. Vestavinden set nedbøren langt inn over land, og på Sunnmøre er det ikkje langt inn til dei inste fjordane.