Siste trekkfuglane

No byrjar rognetrea å blomstre, medan heggetrea framleis står i full blomstring. Snart er det sommar. Fyrste prestekragane blomstrar, og løvetanna står fulle av frø i låglandet. Då kjem grønsisikane og forsyner seg med løvetannfrø langs vegkantane.
Høyrde ein blåstrupe synge i dag. Fuglen sang oppe i lufta medan han dala ned i krattet. Oftast syng han likevel sitande i buskene. Blåstrupen trivst best i myrlendt krattskog opp mot fjellet, og er ein av dei fugleartane som kjem aller sist hit til landet. Det er naturleg etter som det ikkje er dei snaublesne rabbane eller dei bratte fjellsidene som trekker denne fuglen til seg.
Dette innlegget vart posta under Planter og dyr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.