Våren i høgda

Over 400 moh. står kvitveisen i si finaste bløming. Såg gauk oppe i fjellskogen. Kan minne om både hauk og falk, men gauken flyg med vengane lågt i høve til kroppen. Høyrde ein gol seinare. Høyrde bjørkefink og sivsporv. Dette er fuglar som har vorte sjeldne i låglandet. Oppe på snaufjellet er bergirisk og steinskvett komne. Bergirisken brukar å kome i april, til dels tidleg. At eg ikkje har sett bergirisk før no kjem av at denne arten har vorte sjeldnare, og kanskje også av tilgroing i låglandet. Også steinskvetten er sjeldnare enn før. Såg også to ryper.
Dette innlegget vart posta under Planter og dyr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.