Stort sett overskya. Ser ut til å vere eit lag av bukleskyer som ligg relativt høgt oppe. Ein og annan gløtt av blått. Dei dreg frå sørvest. Lett bris frå aust, +13, ned til +8 i natt.
I går var det lettskya, midt på dag til dels delvis skya. Om natta ned til +7 1/2, om dagen opp til minst +19. Mykje sol, haugskyer midt på dagen, om kvelden flata dei ut til bukleskyer. På føremiddagen hadde nokre skyer linseform, medan vinden var på det sterkaste, laber bris nokre stader. Lite fjørskyer før til kvelden. Då kom der fjørskyer, ikkje meiform, men til dels i lange band.
Dagen før var fin og varm, minst +18, mykje sol.