Fuglesong

Arbeidde inne i dalen i dag. Staden ligg 200 moh. Der er skog, ei blanding av bjørk og furu, og nokså våtlendt. Minst seks fugleslag sang på føremiddagen. Måltrast, raudvengetrast, raudstrupe, bokfink, trepiplerke og lauvsongar.
Inntrykket er at lauvsongaren har gått sterkt tilbake i tal. No er truleg dei fleste individa av denne arten komne. Før brukte lauvsongaren å dominere fuglesongen i slutten av mai og i juni. Enno er det tidleg, men våren er tidleg i år.
Dette innlegget vart posta under Fugler. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.