Fint vêr i går. Sol heile dagen, nesten ikkje skyer, bris frå nordaust, kjølig luft.
I dag starta det lettskya med rukleskyer. Skodde på sume fjell. Midt på dag skya det til med eit lågare skydekke, og no på ettermiddagen er det overskya med skodde på alle fjell unnateke dei lågaste, dvs. over 700 moh. Tidleg om morgonen var det stilt, sidan har det blese sørvestleg eller vestleg lett bris. Litt rimfrost om morgonen. No i ettermiddag +6 grader. Mildare før på dag då sola skein. Gauksyre og skogfiol står i blomst i sørvende skråningar.