I går var det strålande, klart eller lettskya, opp til +13 1/2 grad, og godt og varmt sidan sola skein og vinden for det meste var svak. Etter middag kom nokre små haugskyer. Sesongen for haugskyer om ettermiddagen har byrja. Det er lite fukt i lufta, men stor og ujamn oppvarming av lufta gjer at hauskyene dannar seg. Vinden har kome frå nordaust siste dagane. Tysdag kveld lett bris. Tysdag var også ein fin soldag, med lettskya vêr.
Dei føregåande nettene har temperaturen kome ned mot null grader. I natt har det skya over, og denne morgonen er det +5 grader, overskya, stilt, og vått etter litt regn. Det ligg skodde i eit skar bortafor fjorden.