Tilbakeblikk på mars og starten på april

Mars var ein mild månad i år. Og nede ved sjøen slik som i Vaksvika var det stort sett berrt gjennom heile månaden. Dette er uvanleg. Nokre gongar kom det litt slaps på markane, og ein gong seint i månaden la det seg kvitt ned til sjøen. Men dette for fort, og alle dagar var det berrt på dagtid.
April har starta mild, og snøen forsvinn også litt opp i høgda. No er linerla straks ventande. Ho finn mat på stader der snøen ikkje vert liggande, som på elvesteinar eller i fjøra dersom det kjem mykje snø. Linerla toler snøfall, og kjem medan det enno kan ventast snø. I april brukar det ofte å kome snørier, og erleria er eit gammalt namn på ei snøri midt i april.
Utviklinga har gått mot eit mildare klima også for april. Våren kjem tidlegare. Det har også gått mot meir ruskevêr om vårane. Oftare enn før bles det, både tidleg i april og midt i månaden. Unnataket er slutten av månaden. Fordi våren kjem tidlegare kjem også det fine maivêret tidlegare. Dette verkar i motsett lei, slik at slutten av april no gjerne får vêr som før var typisk for mai, med høge temperaturar og lite vind. Utrøna som brukar å blåse i mai har sterk samanheng med sola si høgde på himmelen, og også med snødekket på land. I april vert ikkje denne vinden sterk sjølv om vêrlaget har vorte litt mildare.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.