Monthly Archives: april 2009

Mild morgon

I dag var det +12 før sola kom opp. Lettskya, både høge og lågare skyer, austleg drag, svak vind. I går var heile dagen stort sett klar, med samanhengande solskin. Varmt, om ettermiddagen +18 (ikkje maksimumstemperatur), og svak vind eller … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

I går kom det nokre tidels mm regn før det letta tidleg om morgonen. Så var det overskya fram mot middag, sidan delvis skya med middelsstore og t.d. store haugskyer som ga nokre få dropar. God temperatur. Om kvelden klarna … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

Enno ein fin og nesten varm dag. +10 1/2 no i kveld, overskya og nokre regndropar. Lett bris frå søraust. Før i dag delvis skya med haugskyer som dekte mindre enn halve himmelen, og mykje sol. Regnet som kom siste … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn

+7 1/2 grad, vått etter litt regn, skya, klart langt i sørvest, elles overskya. Sakte drag i skyene frå sørvest. Flau vind. I går var det vind frå sør, for det meste svak vind eller lett bris. Oppe på Vestrefjellet … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Mildt i dag, +15 no i kveld, sørleg lett bris, overskya, sørleg drag i skyene, turt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mild natt

Overskya, sørvestleg, +11, opplett, turt, ikkje skodde på fjella, svak vind.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tynne skyer

Det held på og skyar til høgt oppe. Eit tynt skydekke med lite formasjonar. Ser ut som blanding av fjørskyer og slørskyer. Har nettopp sett makrellskyer også. Ser ut som dei kjem frå nordvest. Der er også skyer med eit … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vestleg

Yr frå seint på natta til føremiddagen, totalt 2 mm. Sidan delvis skya, haugskyer, no i kveld lettskya. Opp til +12 i dag. For det meste vestleg svak vind.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skiftande skydekke

Opp til +15 i dag, og mykje sol. Perioder med lettskya både tidleg og seint på dag. Skya om ettermiddagen, rukleskyer som drog sørvestfrå. No delvis skya. For det meste svak vind.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Oppklarning

Lettskya, +2, skodde på sume fjell, skyene dreg frå nordaust. For ein time sidan var det skya, berre klart i aust.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget