For det meste berrt

Har gått ei veke sidan eg skreiv. Mandag var det vestleg, spreidde byer, lite nedbør. Meir nedbør om natta, tysdag morgon var marka kvit, men ikkje ned til sjøen. Tysdag var det nordvestleg, opp i liten kuling nede ved sjøen. Opptårna haugskyer og byeskyer med blå himmel i sprekkene, og nokre haglbyer. Til kvelden eit utstrekt skydekke over heile himmelen. Onsdag var det på nytt nysnø på markane, og denne gongen nesten til fjøra. Nokre regnbyer denne dagen. Torsdag lettskya med sol. Fredag skya eller delvis skya, turt. I går skya, turt heile dagen. I natt kom det regn, truleg som byer.
I dag er det skya opplett, bukleskyer og rukleskyer som dreg vestafrå. Svak vind. Om morgonen var det +2 grader.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.