Etter byevêr

+6 grader, skya, bukleskyer drivande frå vest, opplett frå morgonen, svak vind.
Det kom snøbyer i natt, truleg regn nede ved sjøen. Eit tynt lag snø på marka, 1 cm som tøya fort.
I går var det mildt, skya eller delvis skya og ein god del sol. Stilt om morgonen. Ei lett regnbye om føremiddagen, bløytte nesten ikkje underlaget. Ut på dagen svak vind opp frå sjøen. Om ettermiddagen laga det seg haugskyer, nokre vaks godt i høgda.
No byrjar dei å vise seg dei døgnvariasjonane som kjenneteiknar den lyse årstida. Blank sjø om morgonen, så pålandsvind mot solvarme stader. Flate skyer om morgonen, haugskyer om ettermiddagen og kvelden.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.