No er ei veke av mars tilbakelagt, med relativt høge temperaturar og for det meste turr vind, og ein god del sol. Det er lett å forestille seg at varmen skal kome like raskt som lyset. Slik er det ikkje. Sjansen for solide snøfall er den same ut gjennom heile mars. Det har samanheng med at vinden lettare dreier nordvest når avstanden mellom lågtrykka vert større og høgtrykka gjerne legg seg vest i havet. Havet er kaldt no, og oppvarminga tek tid. Vestavinden vert tilsvarande kald. Og dei høge lufttemperaturane kjem like gjerne tidleg som seint i månaden fordi sønnavinden brukar å vere sterk først i månaden, og mindre sterk seinare.
På andre måtar kan vi vente framsteg. Kuldegradene vert færre etter kvart, og med det går middeltemperaturen litt opp. Og vindstyrken vert mindre. Markert, men skilnaden er ikkje stor. Største framsteget ligg i at sola stig raskare i mars enn i nokon annan månad. Om tre veker står sola høgt og varmar godt om ho slepp til. Og når ho står høgt finn ho lettare sprekkene i skydekket. Då kan det vere triveleg å vere ute på dei lune stadene. Det er gjerne desse stundene ein hugsar, men utslaga på vêrstatistikkane er små.