Søraust laber bris, 5, turt, delvis skya, god sikt.
I går var det skya, opp til +11 i Nordre Vartdal, og sørleg eller søraustleg bris, minkande ut over dagen.
Snøen minkar. Det er ofte høge temperaturar tidleg i mars. Normaltemperaturen stig ut gjennom månaden, men dei fleste år (60 % kanskje) kan høgaste temperaturen registrerast i første halvdel av månaden i dei bygdene der sønnavinden bles friskt og der det ikkje er spesielt lunt og solvarmt. Det verkar bakvendt at høgaste temperaturen kjem tidleg i månaden. Det har samanheng med at vinden enno er sterk no og kan drage nordover luft langt sønnafrå. Utover i mars og april kjem det oftare nordavind. Dette er ikkje så ille som det høyrest, for vinden minkar ut over våren. Byrjinga av mars kan vere kaldaste tida i Arktis. Lengre sør er oppvarminga i gang. Dette skjerpar temperaturkontrastane mellom nord og sør. Derimot er temperaturkontrasten mellom hav og land redusert no. Statistikken viser at starten på mars er ei tid med mykje vind. Ikkje så mykje vind som i desember-januar, men meir enn i deler av februar. Februar kan til dels vere ei tid med roleg vintervêr. Mars startar gjerne med uro, men i alle høve sjansane for storm minkar framover. Elles er det verd å hugse at fem varmegrader og laber bris som det er denne morgonen er nokså kaldt. Turt og lyst og ein fin forsmak på våren, men snøen kjem nok att fleire gongar den neste månaden.